Båtmotortjuvane har vakna frå vinterdvalen

Sjå til båten din

Arkivfoto.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Sesongen for båtmotortjuveri er i gang, og politiet har blitt varsla om fleire høve i løpet av helga.

Natt til laurdag blei tre båtmotorar stole frå ei småbåthamn i Tennfjord. Natta etter var det i Fjøra i Norddal som fekk besøk av tjuvar. Der vart to motorar tekne. Søndag var det meldt om båtmotortjuveri i Sande kommune.

– Det kan vere på sin plass å sjå til båtane sine, rår politiet i sosiale media.

– Folk bør forsøke å sikre båt og motor best mogleg, og ha hyppig tilsyn til båten, seier Leif Arne Mork på operasjonssentralen til politiet.