Hjorteteljinga 2018:

Nedgang i Strandadalen

Etter fleire år med auke, kan det sjå ut som hjortebestanda er på veg ned i Stranda. Illustrasjonsfoto  Foto: Peter Vibe/Colourbox.com

Nyhende

Vårteljinga av hjort i Stranda syner ein nedgang i dyrestamma samanlikna med fjoråret. I fjor på denne tida vart det talt 932 hjortedyr i kommunen. I vår har talet sokke til 784. Det er det første året med nedgang på sju år. Sida 2011 har bestanden auka jamt og trutt ifølgje teljingane. Den største veksten i stamma ser ein mellom 2014 og 2017.