Studietur til Stranda

Landbruksministeren tek med seg fransk reisefølge

Tysdag kjem landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) til Stranda saman med franske kundar for å syne fram produksjon av fenalår.

Arkivbilete frå inne på fabrikken til Grilstad.  Foto: Maria Nerhus

Nyhende

Fenalår frå Noreg er i full gang med å slå igjennom i den franske luksusmarknaden, og tysdag skal franske kundar få eit innblikk i korleis fenalår blir produsert i Stranda.

I pressemeldinga frå Landbruks- og matdepartementet står det at den franske delegasjonen vil få lære meir om saudehald og korleis maten blir produsert.

I Stranda venter mellom anna tur til Geiranger og omvising hjå lokal saude-bonde.

Statsråden vil rette særleg merksemd på det unike i norsk matproduksjon, korleis eksportmoglegheitene er framover og ikkje minst: Korleis Noreg kan bli ein anerkjent matnasjon.

Produsentfellesskapet "Fenalår frå Noreg" mottok i fjor den høgthengande europeiske matvarebeskyttelsen, PGI-merket. Denne beskytter nasjonale, regionale og lokale matskatter i EU - som til dømes Iberico-skinka og parmesan-osten.

- Franske undersøkingar i forbrukarmarknaden, viser at logoen nesten er ein føresetnad for å nå fram til den kjøpesterke forbrukaren. Salet har auka frå 300 kilo i 2016 til nærare 900 kilo i 2017, skriv landbruks- og matdepartementet i pressemeldinga.