Utviklar "gulrot" til miljøvennlege cruiseskip

Ti hamner samarbeider om å utvikle eit rabattsystem for miljøvennlege cruiseskip, som skal innførast frå neste år. Reiarlaga skal tene på å sende reine skip til Noreg og mellom anna Geiranger.   Foto: NPK / NTB SCANPIX / Berit Keilen

Nyhende

I sommar testar ti hamner mellom Oslo og Trondheim ut eit nytt påskjønningssystem for miljøvennlege cruiseskip. Frå neste år skal skip som har låge utslepp, få rabatt.

– Vi håper reiarlaga sender dei skipa som forureinar minst hit til Noreg i framtida, seier avdelingsdirektør Bjørn E. Pedersen i Sjøfartsdirektoratet til NRK.

Saman med konsulentselskapet DNV GL og fleire reiarlag utviklar no dei ti cruisehamnene eit eige ratingsystem som viser kor miljøvennlege skipa er når dei ligg i hamn. Systemet er ei vidareutvikling av Environmental Port Index (EPI) og måler mellom anna kva typar reinseteknologi og drivstoff skipet nyttar når det ligg til kai, og gir ekstrapoeng til dei som har gjort noko ekstra for å få ned utsleppa.

Meininga er at skip med ein høg EPI-score skal få rabattar på hamneavgifta.

– I tillegg til at det skal lønne seg økonomisk, ønskjer vi at dette skal føre til større openheit rundt det cruisenæringa gjer for å redusere utsleppa sine, seier miljøleiar Even Husby i hamnestellet i Bergen.

Desse hamnene er med i prosjektet: Bergen, Stavanger, Kristiansand, Haugesund, Oslo, Aurland (Flåm), Stranda (Geiranger), Ålesund, Trondheim, Eidfjord og Molde.

(©NPK)