Ny reklamefilm frå Stranda vgs.:

Viser fram offentlege skular og lokale arbeidsgjevarar

Kreditering: Stranda vidaregåande skule/HL Media

Skjermdump frå YouTube.  Foto: Stranda vidaregåande skule/HL Media

Nyhende

Den fjerde reklamefilmen om Stranda er no publisert og kan strøymast fritt av alle som er interessert i å vite meir om kommunen.

Nummer fire, av til saman fem, i rekka har fått tittelen "Skule, arbeidsliv og offentleg transport". Filmfotograf Herman Lersveen har filma dei offentlege skulane, samt vitja arbeidsgjevarar på Stranda og Hellesylt. Frå Liabygda kan ein sjå Trollbryggeriet.

Øvst i saka kan du sjå den norske versjonen av reklamefilmen. Denne er og publisert på heimesida til Stranda vgs. Den engelske versjonen ligg ute på Stranda kommune si heimeside, under fana "This is Stranda".

Dei høge sjåartala av sistnemnde har overraska lærar Ole Bjørn Hjellegjerde, som har produsert filmen saman med Lersveen:

- Fredag ettermiddag hadde den engelske versjonen blitt sett over 300 gonger. Ein slik popularitet har vi ikkje sett før vi har fått omtale i lokalavisa, seier han.

For dei som ønskjer å sjå den engelske versjonen, er den tilgjengeleg her.

Den femte og siste reklamefilmen vert filma før sommaren, fortel Hjellegjerde. Den har tittelen "Gründerskap og næringsutvikling".

Stranda vidaregåande skule fekk 34 000 kroner frå det kommunale næringsfondet til prosjektet. Tema i dei første reklamefilmane var friluftsliv, kultur, sport og friluftsliv og sjåverdigheiter og attraksjonar.


Stranda vgs

Den tredje reklamefilmen er ute

Ole Bjørn Hjellegjerde seier dei har litt dårleg samvit for at ikkje alle bygdelaga er dekt i like stor grad i filmane, men at både tid og midlar har vore avgrensa.



Ny film

Fin Stranda-reklame

Stranda vidaregåande skule har laga enda ein reklamefilm om kommunen.



Stranda vg skule

Laga reklamefilm

Den første av fem reklamefilmar frå Stranda vg skule er ferdig.

 

Ny film

Fin Stranda-reklame

Stranda vidaregåande skule har laga enda ein reklamefilm om kommunen.