Forbrukarrådet slår alarm om svindelbrev

Eit brev med krav om erstatning for ulovleg nedlasting av film og bilde er sendt til mottakarar over heile Noreg. Forbrukarrådet åtvarar folk mot å betale.
Nyhende

I ei pressemelding frå Forbrukarrådet blir det vist til eit brev med ein avsendar som omtalar seg sjølv som advokatfirmaet Hengeler & Latham. I brevet blir mottakaren kravd for 3.770 kroner som kompensasjon for påståtte brot på åndsverklova.

Dersom ikkje kravet blir innfridd innan sju dagar, truar avsendaren med å gå til sak.

– Ikkje svar eller betal, men send ein kopi av brevet til politiet der du bur. Du innrømmer ikkje ulovleg nedlasting av den grunn, slik at du har ikkje ingenting å frykte, seier Pia Cecilie Høst, leiar for forbrukardialog i Forbrukarrådet.

– Den som har eit krav mot nokon har bevisbyrda. Det betyr at dei må bevise at du har gjort noko ulovleg. Det er ikkje nok å vise til at filmen er blitt ulovleg lasta ned på ei IP-adresse du eig eller ein wifi-sone som du har kryptert med passord, fortset Høst i pressemeldinga.

Saka er meldt til politiet, og dei jobbar med å kartleggje spreiinga av breva. Økokrim har overfor NRK omtalt brevet som eit forsøk på svindel.

Samtidig har politiet fleire stadar gått ut med åtvaringar.

– For det første er denne typen lovbrot noko som skal etterforskast av politiet, og ikkje noko eit privat selskap kan krevje inn. For det andre er firmaet relativt nystarta. Nettsida er berre ei framside utan nokon annan informasjon enn det som står i brevet, sa politiførstebetjent Kjell Magne Barsnes ved Florø politistasjon til NRK i førre veke.

Kanalen har gjort fleire forsøk på å komme i kontakt med Hengeler & Latham, utan å få svar.

(©NPK)