Knusktørt terreng

– Respekter bålforbodet

Brannsjef Inge Teigen ber om at alle overheld bålforbodet som framleis er i effekt i heile Stranda kommune. Bålforbodet gjeld truleg til over Jonsok.

Jonsokaftan i Liabygda: Jonsokbål vil ikkje vere tillate i år, grunna den lange perioden med varmt vèr og null regn. Det er forbode å gjere opp eld i heile Stranda kommune, dette inkluderer på privat eigedom. Det som er viktig om ein kjem over brann i terrenget, er å umiddelbart varsle med å ringe 110. Jonsokbålet som er avbilda, er frå Liabygda eit tidlegare år. arkiv  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Stranda kommune har som resten av landet opplevd ein lang, varm periode utan regn.

Gjeld inntil vidare

– Bålforbodet gjeld inntil vidare, og oppheving av forbodet kjem til å bli annonsert. Vi treng skikkelege regnskurar over fleire dagar for å betre situasjonen, og ser ikkje ut til å vere på veg ifølge vêrvarslinga, fortel Teigen.

Han fortel om at folk respekterer bålforbodet, men at det òg har vore enkeltepisodar i kommunen.

– Vi rykka ut til grasbrann i Ørnevegen i helga, samt i Kvanndalen. Laurdag rykka vi ut til Strandadalen, då nokon brukte eingongsgrill ved rasteplassen, seier han.

Alle involvert i dei tre episodane var utlendingar. Rema har hengt opp informasjon om bålforbodet utanfor butikken, på både norsk og engelsk – noko Teigen gir ros for.

Han minner samtidig på om varsemd òg når ein bruker grill i eigen hage.

– Kva gjeld bruk av grill, inklusive bruk i eigen hage, så er det ok på bruke gassgrill. Bruk av grill med kull og bålpanner er ikkje tillate fordi det kjem gnistar frå dei, seier han.

– Viktig å varsle

– Det som er viktig om ein kjem over brann i terreng eller bruk av ope eld, er å varsle. Ring 110, og om du har moglegheit så prøv å bidra med sløkking. Det kan gjerast med å slå ned opne flammer i terrenget, seier Teigen.

Fordi terrenget er så tørt, kan ein liten gneiste gi store konsekvensar – noko som denne våren har skjedd andre stader i fylket.

– Vi går mot andre året (sist var i 2016 red. anm) kor det er bålforbod på Jonsok. Det er ein sterk tradisjon for Jonsokbål rundt om, men om det ikkje kjem store nedbørsmengder er dette ikkje lov, minner Teigen om.

– På våre kantar er dette ein veldig uvanleg situasjon. Vi hadde ein knusktørr vinter i 2016, men at det skal vere så tørt i terrenget på sommarstid er svært uvanleg, seier han.

Å ikkje respektere bålforbodet kan straffe seg – om det blir politietterforsking etter brann i terreng kan vedkommande som forårsaka skaden bli erstatningspliktig.