Bålforbodet oppheva

Jonsoken berga

  Foto: Audun Håberg

Nyhende

Brannsjefen har i dag måndag oppheva forbodet mot bruk av open eld i Stranda kommune. Forbodet vart innført i Stranda den 30. mai.

Forbodet kom som ein konsekvens av ein lang periode med varmt vêr og lite nedbør. Dei siste dagane har det kome såpass mykje regn at faren for brann i terreng er vesentleg redusert.

Opphevinga av totalforbodet betyr at det no igjen er tillate å bruke tilrettelagde og sikre stader for å gjere opp bål og for grilling, når det er openbart at det ikkje kan føre til brann.

Kantslåtten, som òg har vorte mellombels stogga grunna gnistfare, kan no òg fortsette.

Brannsjefen minner samstundes om at det er generelt bålforbod i perioden 15. april til 15. september - altså at det er forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan spesiell tillating frå kommunen.