Cruise-gigant meiner nullutslepp er for ambisiøst

MSC Splendida: på Hellesylt 21. juni 2016.   Foto: Hege Bjørkedal

Nyhende

Cruise-giganten Carnival meiner måla om nullutslepp i verdsarvfjordane innan 2026 er nær uoppnåeleg for skipa deira.

Når eit cruiseskip sig inn ein av fjordarmane på Vestlandet, er det stor sjanse for at det er eit skip som høyrer til Carnival Corporation. Den amerikanske cruisekjempa har ni merkenamn, som AIDA, Costa, Seaborn og P&O, og står for opp mot 50 prosent av cruisetrafikken i Noreg. I år legg selskapet til kai over 850 gonger ved norske hamner.