Laksefiske

Rekordlaks i Strandaelva

Natt til i dag vart den største laksen i ordinært fiske, tatt i Strandaelva.

Rekordlaks Ole Jørgen Sve fekk endeleg rekordlaksen heilt opp på land.  Foto: Johan Behrentz

19,4 Det er ikkje tatt større laks i ordinært fiske i Strandaelva nokon gong.  Foto: Privat

Nyhende

Rekordlaksen på 19,4 kg vart i dag tatt av Elveigarlags formannen på Stranda, Ole Jørgen Sve. Laksen vart teken i " laksehølen" i sone 1 nederst i Strandaelva.


Rekord i Strandaelva

Slik landa han storlaksen

Ein 40 år gamal Rauma-sluk var det som skulle til for å få rekordlaksen på kroken. Ole Jørgen Sve er nøgd med natta sin fangst.


Sjeldan storlaks

Strandaelva har mykje fin laks i år også, og elva er kjent som ei " storlaks elv", men fisk av denne størrelsen er sjeldan å sjå. Kun to fiskar før er registrer teken i elva på over 19 kg.

Stamfiske

Kvart år vert det registrert fisk på godt over 20 kg i elva, og i stamfisk for ein del år tilbake vart ein laks tatt på godt over 20 kg.