Eigengodkjenninga av detaljregulering for Lien hyttegrend

Fylkesmannen opphevar vedtaket

Fylkesmannen opphevar kommunestyret sitt vedtak om å eigengodkjenne detaljreguleringa for Lien hyttegrend, og gir klagarane medhald.

Eigengodkjende: Kommunestyret har eigengodkjend detaljregulering for Lien hyttegrend to gonger. arkiv  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Dette kjem fram i eit brev til Stranda kommune, etter at fylkesmannen har handsama to klager på eigengodkjenninga.

Tilkomstveg avgjerande

Detaljreguleringa for Lien hyttegrend er eigengodkjend av kommunestyret i to omgangar – i 2015 og igjen i november 2017 etter at fylkesmannen bad om ny vurdering i saka.