Hellesylt den finaste badeplassen

Radio 1 sine lyttarar er ikkje i tvil: Den finaste badeplassen i Noreg ligg på Hellesylt.

Badehuset på Hellesylt: Badeplassen på Hellesylt kan no smykke seg med tittelen «Noregs finaste badeplass». arkivfoto  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Radio 1 var sjølv på besøk i Sunnylven førre veke, for å sjekke om dette verkeleg stemde.

Sunnylvingane sjølve hadde nominert badeplassen. Radio 1 køyrer kvar veke i juni ei kåring av Noreg sine fire finaste badeplassar.

Pernille Wikøren frå Radio 1 hadde med seg reisegåvekort på fem tusen kroner, badetøy, kamera og mikrofon – og la ut ein filmsnutt på Facebook om si oppleving i Sunnylven.

– Velfortent førsteplass, var Wikøren sin dom over badeplassen.