Slogen

Skal intervjue ungdom

Åshild Eikemo Lundh nyttar sommarferien til ei historisk kartlegging av friluftsliv.

Ungdom Åshild Eikemo Lundh skal til Patchelhytta og Slogen for å intervjue ungdom. 

Nyhende

Måndag 23. juli startar  ho ein tur frå Stranda til mellom anna Patchellhytta for å dokumentere ein viktig del av vår kulturarv; nemleg ungdoms forhold til friluftsliv og tur.

Kva er drivkrafta?

-Stadig fleire unge bruker av fritida sin til å gå på tur i fjellet. Men kva er det som driver dei opp dit? Kva for ein oppfatning har de av det å gå på tur, og kva er viktig for dei i friluftssamanheng? spør Åshild Eikemo Lundh seg.

Ho har fått i oppdrag å intervjue ungdom på vandring mellom DNTs sine hytter, og ho vil besøke Patchellhytta, Slogen og Runde fyr. Åshild, som er frilandsjournalist og fotograf, har også med seg opptak for video. Desse opptaka blir lagra i Norsk Folkemuseum.

Drøymejobb

-Dette er drøymejobben for meg. Fram til utgangen av juli skal eg gå 200 kilometer for å treffe ungdom. No er eg på veg inn Setesdalen og Austheiane. Deretter skal eg til Jotunheimen, seier dokumentaristen, som legg til at reisa også kan følgjast på Facebook-sida «Ung i fjellet 2018».

Det er Norsk Folkemuseum og Den Norske Turistforening som i sommar sender ho og ein annan fjellreporter inn i fjellheimen. I august blir intervjuea publisert på https://minner.no , som døme på korleis norske fjellferiar kunne gå føre seg i 2018.

Blir arkivert

- Intervjuar og bilete vil også blir publisert i DNT ung og DNTs kanalar, inkludert medlemsbladet Fjell og Vidde. Intervjua vil arkiverast hos Norsk Folkemuseum, opplyser Åshild Eikemo Lundh.