Hellesylt

Fryktar borkebiller på bustader

Ein grunneigar på Hellesylt fryktar at borkebiller kan gå til åttak mot busetnad.

Barkebiller Kan gå til åttak på nærliggjande bustader.  Foto: Wikipedia

Nyhende

- Som kjent blei det for fleire år sidan øydelagt skog i området Jogarden/Korsbrekke. Denne nedfallsskogen er ikkje blitt rydda opp og dermed er det fare for utvikling av borkbille. Eg regner med at Stranda kommune har godkjent at eigar ikkje ryddar opp og at dette er gjort basert på ein fagleg vurdering, skriv grunneigaren i ein epost tilkommunen.

Kommunal oppfylgjing

- Vidare lurer eg på om kommunen følger opp om det utviklar seg borkbiller i området? Eigedomane Bygdevegen 89 og min eigedom 91 ligg tett opp mot nedfallsområdet og for å vere sikker på at det ikkje er nokon fare for at in eigedom blir skadelidande ved et eventuelt barkbilleangrep ber eg om stadfesting på at faglege vurderingar og oppfølging gjerast, heiter det i eposten til grunneigaren.