Stranda

Førebur næringsplan

Stranda kommune varslar no oppstart av planarbeidet for «Strategisk Næringsplan». Kommunen har aldri tidlegare hatt ein slik plan.

Svemorka Planprogrammet for den første strategiske næringsplanen til Stranda kommune blir sendt til kvar bedrift i kommunen. Den endelege næringsstrategien skal ligge føre tidleg på nyåret.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Næringslivet i kommunen får i desse dagar invitasjon til å vere med på høyringa av planprogrammet. Planen skal byggjast opp med ein analysedel, organisering av arbeidet med næringsutvikling, bedriftsretta næringsutvikling, generell nærings- og bygdeutvikling og handlingsplan med prioriterte oppgåver.