Hellesylt

Opna nyfabrikken til Ole Ringdal AS

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale fekk æra av å klippe snora til den nye fabrikken til Ole Ringdal AS, då han i dag besøkte farbrikken på Hellesylt.

Besøk Landbruksminister Jon Georg Dale saman med dagleg leiar Ole Ringdal under besøket ved verksemda.  Foto: Renate Furre-Henriksen Sandvær

Kjøt Landbruks- og matminister Jon Georg Dale er ikkje ukjend med slakteri. Her saman med dagleg leiar Ole Ringdal ved Ole Ringdal AS på Hellesylt.  Foto: Renate Furre-Henriksen Sandvær

Nyhende

Ole Ringdal AS har utvida slakteriverksemda med 2054 kadratmeter. Fabrikken, som mellom anna inneheld tørkeri, fryseri, lager og teknisk rom er nyleg ferdig, men landbruksministeren sitt besøk har framskunda snorklippinga.

Snorklipping Landbruksminister Jon Georg Dale (i midten) saman med adm.dir. Kristen Ringdal (tv) og dagleg leiar Ole Ringdal (th). Til høgre: Ordførar Jan Ove Tryggestad.  Foto: Renate Furre-Henriksen

-Det blir nok lunsj og prat i starten av møtet med smaksprøvar av det vi produserer. Deretter skal han få sjå både det gamle og det nye anlegget vårt, fortalde dagleg leiar Ole Ringdal til Sunnmøringen før besøket..


Her endar sauane som kjem frå sommarbeite

17.000 sauar blir delikatesser ved Ole Ringdal AS

17.000 sauar kjem i desse dagar frå grøne sommarbeite og endar på de evige jaktmarknader ved Ole Ringdal AS på Hellesylt.

 

Bad seg sjølv

Jon Georg Dale har sjølv ønskt å kome til hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt, og Ole Ringdal svara sjølvsagt ja då førespurnaden kom sist veke. Verksemda har mellom anna utvida og bygd opp ein ny fabrikk.


Tørkesommaren

Støtter råka bønder

Medan bønder i Stranda ikkje er verst stilt i slåtten, støttar dei kollegaer som er hardt råka av tørkesommaren.


Trass ein fin sommar har landbruksministeren vore i hardt vêr den siste tida på grunn av det bøndene meiner er lite handlingskraft frå regjeringa når det gjeld å handtere konsekvensane av tørkesommaren. I samband med mangelen på fór fryktar bønder ei massiv nedslakting av dyr. I den aktuelle situasjonen er det difor venta ein del presse til Ole Ringdal AS i ettermiddag.


Statsministeren

Statsministeren ikkje avvisande til krisepakke til bøndene

Statsministeren kan gå med på ei krisepakke, men meiner det trengst meir kunnskap først. – Dette er ikkje godt nok, seier bondelagsleiar Lars Petter Bartnes.


Har kapasitet

-Vi har kapasitet til meir slakt, seier Ole Ringdal.

-Vil du kome med nokre alvorsord til landbruksministeren?

-Det kan nok hende, men Jon Georg Dale er så dyktig at han veit kva som skal til, meiner Ole Ringdal.

Først til Stryn

Ifølgje heimesidene til departementet startar dagen i dag for landbruks- og matministeren med gardsbesøk hjå Karl Ove Loen, som driv moderne frukt- og bærdyrking. Det blir mellom anna orientering ved Innvik fruktlager.

Deretter går turen til Sunnylven og hjørnesteinsverksemda Ole Ringdal AS på Hellesylt kl. 12.30.