Stranda Fjord Trail Race i helga

Endrar ruta

Fjelløpet aukar stadig i popularitet – hovudløpet er fullt, og «miniløpet» på ei mil har nokre få plassar igjen. Grunna vêrutsiktene i morgon, blir ruta endra.

POPULÆRT: Stranda Fjord Trail Race er populært, og laurdag blir det mange løparar å sjå i Stranda. Grunna dårlege vêrutsikter blir målgangen i år ikkje på Roalden. arkivfoto  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Vi nøler ikkje med å kalle fjelløpet for hausten vakraste, men kanskje òg moglegvis det hardaste eventyr som går føre seg i morgon laurdag.

Den vanlege ruta går over småpene 2600 høgdemeter, og er på 33 kilometer. Grunna dårlege vêrutsikter blir det i år endringar i denne ruta.

- Frå starten mot Lievarden følger du normal rute til Duklidalen, der råsa går over til Vasset, skriv arrangørane på Facebook. Heimste og Framste Blåhornet blir i år ikkje ein del av ruta.

Istaden går løypa frå Vasset, til Blåhornsvatnet og derfrå normal rute tilbake til Stranda. Ruta går vidare opp til Skuravatnet, der ho går på motsett side av elva. Ned igjen til Langlo, opp til Storgjerdet og Meraftashornet og ned til Ringstadsætra før turen går ned til Stranda sentrum.

Grunnen til endringa er sterk vind på Roalden, i dag fredag har gondolane vore stengde grunna sterk vind med 17 sekundmeter.

- Sikkerheita til våre løparar er vår viktigaste prioritering, skriv arrangørane.

Løparar frå 14 nasjonar deltek i løpet i år.

Fleire svært gode løparar deltek, deriblant svensken Fanny Borgström. Ho vann nyleg Fjällmaraton i Sverige, og kjem altså til Stranda for å konkurrere i fjelløpet.

Kortversjonen av Stranda Fjordtrailrace er på ei mil. Motbakkeløpet vil ha den vanlege starten nede i sentrum, og følger her den same ruta som hovedløpet ned til mål.