Skulestart

Politiet passer skulevegane

Møre og Romsdal politidistrikt varsler auka fokus på skulevegane i samband med skulestart denne veka.

  Foto: Illustrasjonsfoto/Colourbox

Nyhende

I dag startar skulene etter sommarferien, og både små og store elevar ferdast langs vegane i kommunen. Politiet ber bilistar om å vise ekstra omsyn på skulevegen.

For dei aller yngste kan det vere ei spesiell utfordring. Barna har ei trafikkforståing som ikkje er godt nok utvikla, og alle bilistar må vise ekstra omsyn på skulevegen, skriv politiet i ei pressemelding.

- Samtidig har foreldra sjølve eit ansvar for å gje barna ein trygg skuleveg. Politiet vil leggje stor vekt på å vere tilstades på skulevegar og ved skulene dei nærmaste vekene, seier trafikkoordinator Steven Blindheim i Møre og Romsdal politidistrikt.

I samband med skulestarten vil politiidistriktet saman med Utrykkingspolitiet gjennomføre synlege trafikkontroller rundt barneskuler.

- Målet er å gjere skulevegen trygg for dei minste, og gjere dei andre trafikantane merksame på skulebarna som skal ut i trafikken, seier Blindheim.

Blindheim oppmodar bilistar til å halde rett fart, vere merksame og vise omsyn på vegar der skulebarn ferdast. Vidare vert det oppmoda til at sjåførane ikkje snakker i mobiltelefon og bruker bilbelte.

Vi har ikkje råd til å miste eit einaste barn i trafikkulykker på skulevegen, seier politiet.