FV60 Røyrhus bru - Tomasgard

Tilrår å forskuttere til regulering

Rådmannen tilrår formannskapet å forskuttere 500.000 kroner til reguleringsarbeidet på Strandasida av FV60 mellom Røyrhus bru og Tomasgard i Hornindal kommune.

Vegstrekninga på Fv 60 mellom fylkesgrensa og Grodås har i mange år vorte nedprioritert hjå Sogn og Fjordane fylkeskommune.  Foto: Stine Bjørdal

Nyhende

Saka skal opp i formannskapet i dag måndag, og verte endeleg vedteke av kommunestyret 29. august.

FV60 frå fylkesgrensa til Kviven har ein svært dårleg vegstandard, og har vore gjenstand for tallause utspel for å få oppgradert standarden.

I 2013 varsla vegvesenet oppstart av reguleringsarbeid i den delen av vegen som gjaldt Hornindal kommune, men etter at vegen vart sett ned på prioriteringslista til Sogn og Fjordane fylkeskommune vart reguleringsplanen lagt på is.

Hornindal kommune har på eiga initativ inngått avtale med Sogn og Fjordane fylkeskommune om ei forskutteringsavtale på to millionar kroner.

Hornindal har som kjent òg vedteke å slå seg saman med Volda frå 1. januar 2020, og det er no avklart at Møre og Romsdal fylkeskommune og Vegvesenet kan fullføre reguleringsarbeidet på strekninga.

Stipulert kostnad for ein felles reguleringsplan for heile strekninga frå Røyrhus bru til Tomasgard er 2, 5 millionar kroner. Dermed gjenstår 500.000 kroner, som formannskapet og kommunestyret i Stranda no skal ta stilling til.

Pengane for Stranda sin lut i reguleringsarbeidet vert tilrådd tatt frå disposisjonsfondet.

Det er venta at vedtaket går igjennom både formannskap og kommunestyret samrøystes.