Jenter

Tap mot serieleiaren Stordal

Som venta vart serieleiar Stordal for sterke for Stranda/Sunnylven på torsdagskvelden. Alt etter 20 minutt leia bortelaget 4–0 og kampen i realiteten avgjord.

Corner Guro Flydal Ringdal (blå drakt t.h) avsluttar her etter ein av mange cornerar for heimelaget i sistec del av 1. omgang. Skotet strauk stanga på utsida. Foto: Arild Ringdal  Foto: Arild Ringdal

Nyhende

Kun i siste halvdel av 1. omgang vart dette ein jamn kamp. Trenar Bialek gjorde nokre bytter og endringar. Då var det jamn kamp lenge, og heimelaget greidde å halde ballen i laget. Ei rad med cornerar gav til slutt utteljing då Ragnhild Årvik på meisterleg vis heada ballen i mål etter eit innlegg frå høgre. Ei scoring vi tvilar på pappa Leidulf hadde fått til sjølv i glansdagane i førre hundreåret! I denne perioden var også Sara Sæther (debutant på damelaget), Olene Lade, Guro Flydal Ringdal og Andrea Lie Kirkhorn farleg frampå og kunne fort fått registrert nettkjenning.