Arbeidsløysa i august

Størst nedgang i Stranda

  Foto: Børge Sandnes/Colourbox.com

Nyhende

NAV sitt oversyn over talet på heilt ledige i august månad, syner klart størst nedgang i talet på heilt ledige i Stranda.

Ti færre personar i Stranda har vorte heilt arbeidsledige siste året, medan endring siste månad er på fem færre. Arbeidsløysa i Stranda er no på 1, 3 prosent av arbeidsstokken, fordelt på 18 menn og 16 kvinner.