Grand Hotel må vike for å gje plass til nytt miljøhotell

Held fast på hotell-riving

Flakk-familien har ikkje endra planane om å rive det gamle Grand Hotel på Hellesylt. Tomta skal gje plass til eit moderne miljøhotell.

Riving Knut Flakk (tv) meiner det er aukande forståing mellom dei som kjenner tilstanden til det gamle Grand Hotel at det må rivast. Her er han saman med dottera Maria Lilly Flakk i ved området der det nye hotellet skal reisast.   Foto: Foto: Terje Engås (Sunnmørsposten)

Nyhende

– Det er litt påtakeleg at dei fleste som uttalar seg om denne saka ikkje veit kva dei snakkar om, seier Knut Flakk til Sunnmøringen. Han syner mellom anna til den underskriftskampanjen mot riving som har gått føre seg. Også einskilde lokale representantar har uttalt seg sterkt kritisk både til riving og planane om det nye hotellet.