Varsler trafikkaksjonar

Fokus på merksemd og bilbeltebruk

  Foto: Illustrasjonsfoto/Colourbox

Nyhende

Politiet varsler at dei vil vere ute på vegane onsdag. Spesielt vil politiet fokusere på merksemd i trafikken og bilbeltebruk.

- Saman med kollegaer i heile Europa har vi eit mål om at vi skal ha null drepte på europeiske vegar onsdag 19. september 2018, seier trafikkoordinator Steven Blindheim i ei pressemelding frå Møre og Romsdal politidistrikt.

Førstebetjenten fortel at feil bruk av mobiltelefon, fomling med radio eller andre ting som tek merksemda vekk frå vegen, er medverkande årsak til mange trafikkulukker.

- Det er høg bruk av bilbelte i Noreg, men fortsatt er det slik at det er for mange omkomne bilførarar og passasjerar som ikkje brukte bilbelte eller brukte bilbeltet feil. OM alle brukte bilbelte, ville det redusert sannsynlegheita for å bli drept eller hardt skadd med 40-50 prosent for førar og forsetepassasjer, seier Blindheim.

Trafikksikringsarbeidet til politiet ahr som mål å bidra til fortsatt reduksjon av drepte og hardt skadde på norske vegar.

- Når vi forsøker å oppnå null drepte i heile Europa på onsdag, er det viktig at alle trafikantar bidreg med å køyre med rett fart, køyre edru, bruker bilbelte og er merksam og med omsut i trafikken, avslutter Blindheim.

Same dato i fjor, 19. september, var det ingen drepte i trafikken i Noreg. Dei siste åra har det veksla mellom 0 og 1 drept i trafikken denne datoen.