FV63 Geiranger - Langvatn

Vanskelege køyreforhold gir stenging

  Foto: Bjarne Bekkeheien Aase (Arkiv)

Nyhende

FV63 mellom Geiranger og Langevatn stenger i kveld måndag klokka 19, melder Vegtrafikksentralen på Twitter.

Grunnen til stenginga er vanskelege køyreforhold.

Vegvesenet gjer merksam om at vegen kan bli stengd på kortare varsel om vêret tilseier det.

FV63 Trollstigen mellom Norddal og Rauma vart stengd søndag kveld klokka 20, òg grunna vanskelege køyreforhold.