Opplagsauke for Sunnmøringen

Sunnmøringen har ei auke i opplaget første halvår 2018, syner nye tal frå Landsforeningen for Lokalaviser (LLA).

Opplagsauke: Sunnmøringen har ei opplagsauke første halvår 2018, etter fleire år med nedgong. arkivfoto  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Auken i opplaget er på 34 eksemplar, noko redaktøren seier seg glad for.

– Det viser at folk set pris på lokalavisa, og vi må vere audmjuke kvar dag så vi presenterer ei avis folk finn relevant og interessant nok til å lese, seier redaktør Renate Furre Henriksen-Sandvær.

Auken i opplaget er på digitale abonnement, for papir går tala noko ned.

– Vi skal ikkje kvitte oss med papiret, men eg vil gjerne minne om at alle som abonnerer på Sunnmøringen òg har full tilgang til nettartiklane våre. Logg deg inn og bruk plussløysinga, så du får full valuta for pengane dine, er oppmodinga frå redaktøren.