Stranda pensjonistlag på tur til Trondheim

Nyhende

Søndag 26. august møtte reiseklare medlemmar opp på kaia for å gå ombord i bussen, med reisemål Trondheim.

Vêret var som vanleg på vår side, og turen gjekk nordover med ferjetur til Molde. Derifrå køyrte vi austover til Hjellset, der vi tok inn på RV62 som vi skulle følgje til Sunndalsøra. Då vi kom fram til Langfjorden hadde vi vårt første kaffistopp. Kaffi, brus, smørbrød og løfse kunne ein nyte, med fin utsikt over Langfjorden og Eresfjorden.

Derifrå gjekk turen vidare til Sunndalsøra, der vi inntok ein nydeleg middag på Tredalstuene Kafe. Der fekk vi besøk av leiaren for Sunndal pensjonistlag, som fortalde oss litt om historia til Sunndalsøra.

Turen vidare gjekk langs RV70 til Oppdal, der vi hadde ein kort stopp før vi køyrde vidare nordover til Berkåk. Der hadde vi igjen ein kaffirast, før straka vegen til Trondheim og samling i spisesalen på hotellet der vi fekk kveldsmat.

Dag to

Etter ein god frukost var neste post på programmet vitjing hjå Grilstad AS. 32 av oss deltok på dette besøket, resten av "gjengen" gjekk på handletur i Trondheim.

Fabrikksjef Jan Tore Flakk tok imot oss, og viste oss rundt i heile fabrikken. Smaksprøvar og kaffi kom sjølvsagt på bordet før vi avslutta besøket.

Alle møtte etterpå på hotellet, før avreise til Nidaros domkyrkje. 52 av turfølget deltok på dette besøket.

Guiden som tok imot oss og viste oss rundt i dette imponerande bygget hadde ikkje sjølv sett Nidarosmunken, som ryktene skal ha det til går igjen i domkyrkja.

Men då omvisinga var over var det nokon som såg han spasere over gardsplassen med langt skjegg, hette og kappe! Såg vi syner, kanskje?

På kvelden samla dei fleste av oss seg i salongen for ein hyggekveld med mellom anna historieforteljing, vitser, gåter og spørjekonkurransar. Nokre utflytta strandarar kom òg innom for å helse på, noko som var veldig kjekt.

Dag 3

Etter frukost, var det klart for å vende nesa sørover igjen. Men før vi sette kursen sørover på E6, var det klart for eit bokstavleg talt søtt besøk: Nidar-fabrikken på Charlottenlund, som produserer dei lekraste søtsaker.

Vi hadde høyrt rykte om at det var billigsal på sjokolade og gratis smaksprøver, noko vi sjølvsagt måtte undersøke nærmare. Etter dette besøket må vi innrømme at vekta på bussen var noko høgare....

Første stopp sørover var på Oppdal, der vi naut medbrakt nistemat og dei som ønskte det tok ein spasertur i sentrum.

Vegen vidare gjekk til Hjerkinn der vi fekk servert ein kjempegod middag på Høgsæter turisthytte. Hyggeleg og profesjonelt vertskap som får terningkast seks!

Vegen vidare gjekk frå Dombås til Åndalsnes, der det vart ein kort beinstrekk før vi fortsatte utover til Tresfjordbrua og vidare til Liabygda ferjekai før turen over til Stranda.

Ein stor takk til alle som bidro til å gjere turen til ei svært kjekk oppleving - ved heimkomme kan vi sjå tilbake på tre minnerike dagar og fine opplevingar.