Hurtigrutesjef slår alarm om cruiseproblema og vil ha strakstiltak

Nyhende

– Cruisebransjen har i altfor stor grad fått regulere seg sjølv. No må Noreg ta grep for å avgrense skadane og for å sørgje for eit berekraftig norsk reiseliv, seier konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten til Dagbladet.

Han ber norske styresmakter og reiselivsbransjen om å stille mykje strengare krav til cruisereiarlaga spesielt og skipstrafikken generelt. No presenterer han ei liste med åtte konkrete forslag for å få fart på arbeidet med eit berekraftig reiseliv.