Mykje av grunnen til dette er at konsernet får full utteljing av oppkjøpet av Nord-Norges nest største fiskeriselskap, Nergård.
Nergård viktig
– Nergård blei ein del av konsernet først i april, og dermed gjekk vi glipp av ca. ein 1 milliard i omsetnad, fortel konsernsjef og eigar Per Magne Grøndahl i Norsk Sjømat til bladet «Norsk Fiskerinæring». Med dette oppkjøpet blei eit gammalt ønske om å bli større på tilarbeiding av kvitfisk oppfylt. Ein meiner det er mogleg med gode synergiar mellom kvitfisk og laks, ikkje minst når det gjeld sal.