Domfelt for oppbevaring av våpen

Ein mann er dømt til samfunnsstraff for oppbevaring av ei stor mengde våpen og ammunisjon.

En Sunnmøring er dømt for å ha ulovlege vapen.  Foto: Stig Vågnes, Sunnmørsposten

Nyhende

Mannen har oppbevart totalt 235 skytevåpen, samt 27.000 skarpe skot og 35 kilo krut, utan å ha lovleg våpenkort for korkje ammunisjon eller våpena. Mesteparten av våpena var i utgangspunktet heller ikkje registrert, og sikta sørga ikkje for etterregistrering. Våpena har dels vore oppbevart i våpenskap og dels i eit kott.

I domssluttinga går det fram at tiltalte tilstod forholdet utan vilkår, og tiltalte gav samtykke til tilståingsdom. Aktor påsto ein straff på eitt år og to månader i fengsel, noko Sunnmøre tingrett kom fram til var for strengt. Retten kom fram til at den store mengda våpen var eit skjerpande moment, samt det faktum at då våpena vart kverrsett var mange av dei funksjonsdyktige.