– Velkomne til konsert

Sunnylven pensjonistlag står på stortromma og byr inn til Vinjefeiring med Aasmund Nordstoga torsdag.

Byr på konsertperle: Sunnylven pensjonistlag, her representert med Odd Jostein Bjørdal, Astrid Langeland og Håkon Hasle, gler seg til å arrangere konsert i Sunnylven neste torsdag. – Vi håpar på fullt hus og veit det blir ein kjekk kveld, smiler dei.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Sunnmøringen skreiv tidlegare at konserten var gratis, og det er ikkje tilfellet.

– Nei, det har nok ikkje laget råd til. Men det er rimelege bilettar, og vi gler oss stort til noko som kan bli ein veldig kjekk kveld. Både små og store er hjarteleg velkomne til konserten som blir i Sunnylven kulturhus, seier leiar for Sunnylven pensjonistlag Astrid Langeland.

Det er i år 200 år sidan A.O. Vinje, den første bladfyken i Noreg, vart fødd. Konserten vil ha Vinje sine tekstar som utgangspunkt.

– Vi er svært glade for at Aasmund Nordstoga kjem til Sunnylven, og han er òg sambygding med Vinje og bur på garden der A.O Vinje vaks opp, fortel Langeland.

Ho fortel at Nordstoga-konserten samtidig er ei ekstra markering av eldredagen, som pensjonistlaget hadde ei lita markering på 1. oktober.

– Så vi markerer dagen ein gong til, denne gongen stort, smiler Langeland.