Strikkar til inntekt for Stranda Røde Kors

Basar i Stranda sentrum

Strikking gir gevinstar til basar, og overskotet gir Stranda Røde Kors ei kjærkomen inntekt.

Stiller med basar: Måndagsgjengen, som består av mange engasjerte Stranda-damer, steller i stand basar til inntekt for Røde Kors i Stranda – noko leiar Per Inge Jelle seier seg veldig glad for. Mellom anna skal inntektene frå basaren gå til renovering av kjøkkenet i huset.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Sunnmøringen gjer merksam på at det sto feil dag på basaren i avisa. Artikkelen er oppdatert.

Den tidlegare tysdagsklubben har skifta namn - no heiter dei måndagsklubben, og møtest kvar måndag til ei sosial samling. Resultatet får vi sjå på søndag ettermiddag, då steller måndagsklubben istand basar i Stranda tettstad.

– Vi er her eit par timar og strikkar, men det er ikkje noko krav om at du skal strikke. Vi løyser mange verdas problem også, skrattar damene i mandagsgjengen.

11 damer var samla i mandagsgjengen når Sunnmøringen var på besøk. Strikkepinnane klirra, og praten damene mellom gjekk for fullt. I tillegg til samlinga måndag møtes dei fleste damene også til trim i dei same lokala kvar onsdag.

Basarsøndag

Damene i mandagsgjengen ønskjer å gi noko tilbake til lokallaget i Røde Kors.

Det vart difor bestemte at dei skulle skipe til basar der overskotet går direkte til lokallaget.

Basaren skal vere no på søndag,  i Røde Korsbygget.

Gevinstane er utstilte i vindauga til tidlegare Solnyklæ, slik at ein får sett dei og blir freista til å ta lodd.

Nytt kjøkken

Røde Korsbygget har i tillegg til forsamlingssalen også kjøkken og kontor. Overskotet frå basaren går inn i potten som skal brukast til renovering av kjøkkenet.

– Kjøkkenet er slite, og for at det framleis skal gå an å bruke håpar vi difor at vi får inn pengar slik at vi kan sette det i betre stand, forklarar Jelle.