Busetting i Distrikts-Noreg

- Kampanjer er ikkje nok

Kampanjeprega stunts fungerer dårleg for å få folk til å busette seg i Distrikts-Noreg, meiner forskar.  Foto: Odd Roger K. Langørgen/Bygdeforsking

Nyhende

Skal ein få folk til å flytta til mindre sentrale strøk, er det ikkje nok for kommunane å marknadsføra seg med enn ulike kampanjar, meiner distriktsforskar.

– Me ser at kampanjeprega stunts fungerer dårleg. Det kan så klart vera med på å skapa merksemd og at innbyggjarane blir stolte av heimstaden sin, men folk flyttar av heilt andre årsaker, seier rådgjevar Hildegunn Nordtug ved Distriktssenteret i Steinkjer til NRK.

Ei kartlegging Distriktssenteret har gjort viser at dei fleste kommunane marknadsfører seg med fin natur og satsar einsidig på småbarnsfamiliar med tilknyting til kommunen.

Nordtug meiner dette er for snevert, og rår kommunane til å gå breiare ut både med kva dei kan tilby og til målgruppene dei vender seg til.

Vang i Valdres blir trekt fram som ein kommune som har lukkast med å stoppa nedgangen i folketalet ved å tenkja annleis og rekruttera folk på andre måtar. Større jobbpakkar, ulike typar bustader, tilrettelegging av næringsutvikling og arrangement som gjev tilflyttarar eit nettverk er nokre av tiltaka kommunen har sett i verk.