Ny kunstutstilling i kulturhuset

Med melankolske strøk

Nyhende

Det er stor aktivitet på kunstfeltet i Stranda no, og torsdag ettermiddag opna ei ny kunstutstilling dørene på Storfjord kulturhus.

Hakan Yasar kunne ønske velkomen til utstillinga, som består av kunstverk signert han sjølv og Afacan. Dei to driv både kunstskole og atelier saman i Sandnes i Rogaland.

Båe kunstnarane er kurdarar, noko som Yasar seier vert reflektert i kunstverka som er i klassisk stil.

- Våre bilete har sterke uttrykk og ein sterk melankoli. Det har med vår bakgrunn å gjere, vi har opplevd mykje båe to - og det gir seg uttrykk gjennom kunsten, seier Yasar.

- Imponerande

Til å opne utstillinga, hadde Yasar sikra seg ingen ringare enn ordførar Jan Ove Tryggestad. Han lot seg imponere.

- Motiva og teknikken bringer tankene inn på kunsten frå 1600 - 1700-talet, og eg må seie at det som er utstilt her er imponerande. Eg håper folk kjem innom og ser, for dette er flott, sa han før opninga.

Sigurd Drege fulgte opp.

- Strandarane må vere klar over at det er eksklusiv kunst som Afacan og Yasar stiller ut. Vi er så heldige no at vi har tre galleri i Stranda tettstad, noko som er veldig bra. Men sjølvsagt skal vi òg ha kunstutstillingar i kulturhuset, sa han.

Utstillinga i Kalvehagen varer fram til laurdag ettermiddag.