Debatten om folketalsutviklinga i Stranda

– Sats heller på tilflytting enn tilbakeflytting

– Å hindre ungdom i å flytte ut, er ikkje løysinga for å halde folketalet oppe, meiner professor Finn Ove Båtevik.

Tilflytting: Forskar og professor ved Høgskulen i Volda, Finn Ove Båtevik, meiner at satsing på tilflytting er den viktigaste faktoren for å halde folketalet stabilt. – Det er ikkje gale å freiste å få ungdommen attende, men det åleine er ikkje nok, seier Båtevik.  Foto: Anniken Westad

Nyhende

Det var i september i fjor at Arild Ringdal (Ap) stilte spørsmål til ordføraren om korleis kommunen kunne få ungdom til å velje utdanning som gjer at dei blir verande i kommunen. Målet var å hindre nedgangen i folketalet.