Analyse av miljøkvalitet i Geiranger

Rein natur: – Rein natur og grøne fjordar er det viktigaste konkurransefortrinnet vi har og det skal vi ta vare på, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak.  Foto: Arkivfoto.

Nyhende

Stranda Hamnevesen KF har i samband med NTNU i Ålesund og Universitetet i Bonn sett i gong eit forprosjekt for å få ei betre forståing for korleis ulike faktorar i transportsystemet og meteorologiske forhold verkar inn på nivå av forureining i Geiranger. Dette opplyser Stranda Hamnevesen KF i ei pressemelding.


Store mengder data

Vidare i pressemeldinga kan ein lese at i prosjektet vil store mengder data for luftkvalitet, meteorologiske forhold og transportdata verte analyserte ved å bruke ulike avanserte metodar for å forstå korleis desse faktorane varierer saman.

Rein natur

– Rein natur og grøne fjordar er det viktigaste konkurransefortrinnet vi har og det skal vi ta vare på. Alternativet til å ta avgjerder basert på fakta og halde streng kontroll er at det vert umogleg å ta i mot turistar i framtida, seier hamnesjef i Stranda Hamnevesen, Rita Berstad Maraak i pressemeldinga.

Prosjektet er finansiert av Regionalt forskingsfond Midt-Norge og vil verte gjennomført i perioden januar til juni 2019.