Sunnmøre fotballkrets

Ønsker fleire jenter på bana

Nyhende

Sunnmøre fotballkrets byr inn alle jenter i alderen 14 til 17 år til inspirasjonsseminar i Ålesund den 19. januar, fortel fotbalkretsen i ei pressmelding tysdag ettermiddag.

Satsinga har fått namnet "Alle jenter på bana".

- Vi har eit flott program fullspekka med historier, konkurransar og motiverande foredrag, fortel fotbalkretsen vidare.

Erika Skarbø (tidlegare landslagsspelar), Rebekka Johnsen (leiar i Ørsta IL) og Ingrid Beate Smådal (trenar i Bergsøy IL) er blant foredragshaldarane på seminaret, som er gratis for deltakarane.

Jentefotball er ei av satsingsområda til Norges Fotballforbund, og Sunnmøre Fotballkrets har som mål at seminaret skal inspirere til å delta på bana - ikkje berre som fotballspelarar, men òg som dommarar og trenarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune initierte i fjor prosjektet "Jenteløftet i fotballen i Møre og Romsdal 2018-2020".  Målet er å få fleire jenter til å spele lengre, skriv dei på heimesida si.

For der ein av fem gutar fortset å spele fotball etter fylte 16 år, viser det seg at den same delen for jenter er ei av ti.