Gode resultat i skiskyting

Øvst på pallen

Sunnylven IL sine skiskyttarar deltok på KM i skiskyting på Ullsheim i helga. Totalt 10 utøvarar deltok for klubben.

Krinsmeister: Elias Helset vart krinsmeister i klasse gutar 14 år i sprint laurdag i Ullsheim. Foto: Eivind Louis Helset  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Det var fine forhold i skiskyttarløypene då arrangørklubben Markane IL hadde stelt i stand krinsrenn i helga. Løypene var godt preparerte og godt merka. Dermed kunne dei om lag 100 deltakarane i dei ulike klassene konsentrere seg om det dei var der for, nemleg å gå på ski og skyte blink.