Åtvaring frå kraftselskapet

- Livsfarleg å kome i berøring med kraftførande linjer

Stranda Energi Nett ber bebuarar i alle bygdelag i Stranda ringe om dei oppdager lågthengande kraftlinjer grunna snø. Det er livsfarleg å kome i kontakt med kraftførande linjer, minner nettselskapet om. Dette biletet er frå ein liknande situasjon i fjor vinter, noko som òg gjekk ut over telefonlinjene.  Foto: Arkivfoto: Anniken Westad

Nyhende

Stranda Energi Nett har sendt ut ei melding på Facebook der dei åtvarar om å kome i kontakt med straumlinjene.

– Snøfallet dei siste dagane kan medføre at nokre straumlinjer heng lågare enn dei bør gjere grunna snølast. Det er livsfarleg å berøre linjene, så om du ser lågthengande linjer må du ringe oss, oppmodar Stranda Energi Nett på Facebook.

Beredskapsvakta har telefon 93 07 98 90.