Fylkesveg 63

Opnar vegen i kveld

Statens vegvesen melder at vegen mellom Eidsdal og Geiranger opnar i kveld.  Foto: Arkivfoto.

Nyhende

Statens vegvesen melder i ei pressemelding at fylkesveg 63 mellom Eidsdal og Geiranger vil verte opna i kveld klokka 19.

- Det blir no jobba på spreng fram til opning og det er mykje masse som skal fjernast frå vegen. Det kan vere at han ikkje er rydda i full bredde alle stadar til opningstidspunktet. Trafikantane må difor vere førebudd på at det kan bli ryddearbeid i morgon også, men da vil vegen vere open for trafikk, heiter det i pressemeldinga.

Rasferja mellom Geiranger og Hellesylt går etter oppsett rasrute ut dagen.