Tallause mil på føter og sykkel

Nyttar apostlanes hestar

Jan er eit eksempel til etterfølging, eg har berre godord å seie om han– Jan er eit eksempel til etterfølging, eg har berre godord å seie om han, Stig Tore Rennemo

Nyhende

Alle kjenner Jan Longva, og han kjenner alle. Eit varmt menneske som alltid har eit smil til deg.

Jan Longva er ein roleg og behageleg mann. Han svarar høfleg og godt, kanskje litt beskjedent når Sunnmøringen tek ein prat med han. Jan fyller 65 år komande tysdag og han synest sjølv han er i god form. All gåinga når han ryddar på Stranda gjer godt for kroppen.

Syklar til Valldal

I tillegg til alle stega han tek blir det mange mil på sykkelsetet for sprekingen. Jan nyttar sykkel når han skal frå og til hytta på Gjerde campingplass i Valldal.

– Eg likar å sykle, og på hytta i Valldal trivst eg godt, fortel Longva.

Opsvik landhandel

I 18 år arbeidde Jan hos far sin på Opsvik landhandel. Den tid gjekk Jan ofte og rydda utanfor butikken slik at det skulle sjå ordentleg ut. Sidan då har Jan rydda stort sett over heile Stranda, både på Sve og på Strandafjellet, endatil i Liabygda når forholda tilseier det.

Fleire bossdunkar

Jan plukkar rusk med tong og legg det i bytte eller sekk og tømmer det når han kjem over bossdunkar, noko det ikkje finst nok av synest Jan.

– Eg har purra på kommunen, men dei høyrer ikkje på meg, seier Longva litt alvorleg. Hadde det vore fleire bossdunkar omkring hadde det vore enklare å kaste frå seg boss.

Jan er opptatt av at det skal sjå ordentleg rundt omkring og synest folk kan bli flinkare til å kaste rusk i bossdunkar.

– Folk har blitt flinkare dei siste åra, synest han.

I tillegg til å plukke rusk hjelper Jan også til med å koste der det trengst.

Eksempel til etterfølge

– Jan er eit eksempel til etterfølging og frontar både Byrg og Stranda kommune på ein positiv måte, seier Stig Tore Rennemo, dagleg leiar ved Byrg kompetanse på Stranda. Alle ser den formidable innsatsen for at Stranda ser ryddig og innbydande ut. Han er ein stødig og høfleg kar, og eg har berre godord å seie om han.

Heidra for sin innsats

Jan Longva vart tildelt Sparebanken Møre sin heiderspris i 2006 og Stranda kommune sin Frivilligheitspris i 2013 for den store innsatsen han gjer for Stranda. Prisen vart delt ut under Strandadagane.

– Tenk korleis Stranda, ikkje berre i sentrum, hadde sett ut utan hans innsats, sa Rune Hagebakk frå juryen.

Vakker natur

Jan gler seg til våren, som er årstida han likar best. Ikkje berre fordi det då er mindre snøv og glatte vegar. Då kan sykkelen takast fram igjen.

– Alt vaknar til liv og spirar, det er vakkert å sjå, seier Longva. Vi er heldige her på Stranda som er omgitt av slik ein vakker natur.

Utslitne sko

Han går overalt, heile året, både til Sve og til Strandafjellet og medgir at det kan vere litt utfordrande til tider med trafikken som durar forbi han. Jan er fast på Øynasenteret to dagar i veka og er internt postbod for kommunen.

– Sjølv om det er mindre fysisk post no enn før er vi avhengig av Jan sin innsats, seier Evelyn Omenås, leiar på servicekontoret i kommunen.

Steg for steg, meter for meter, mil for mil for Jan sine føter medfører slitne sko. Jan får difor ei fin påskjønning frå Stranda kommune.

– Eg får eit par sko kvart år, og det må vere ECCO, skikkeleg kvalitet, fortel Longva.

Ordførar Jan Ove Tryggestad er imponert over den innsatsen Longva gjer.

– Han gjer ein formidabel innsats for nærmiljøet. Både vi i kommunen, men også Stranda er heldige som har ein som Jan Longva rundt oss.


Fortent Frivillighetspris

Jan Longva fekk tildelt Stranda sin Frivillighetspris 2013 under programdelen i Strandadagane.