Offisiell opning av bassenget ved Ringstad skule

Endeleg symjing

Høgtidleg: Vaktmeister Andre von Soosten og rektor Bjørn Helge Nygård fekk god hjelp til å opne det nyleg reparerte bassenget.  Foto: Ole Tommy Hanssen

Nyhende

Måndag fekk førsteklassingane ved Ringstad skule for første gong prøve seg i bassenget då det var klart for offisiell opning av det nyleg reparerte symjebassenget. Dette var førsteklassingane sitt første møte med symjeundervisninga og det verka som at fleire hadde sett fram til denne dagen.