FV655 Norangsdalen

Starter med SMS-varsel

vakker Norangsdalen.  Foto: Arkivfoto: Anniken Westad

Nyhende

Statens vegvesen tilbyr no SMS-varsel når FV655 gjennom Norangsdalen blir stengd. Dette melder Vegvesenet i ei pressemelding måndag ettermiddag.

- FV 655 gjennom Norangsdalen er dei mest skredutsette vegane vi har, og blir ofte stengd grunna skredfare eller skred. Med SMS-varslinga når vi folk med informasjon fort - både når vegen er stengd, og ikkje minst når vi opnar han igjen, seier prosjektleiar Odd-Einar Hjellen i Statens Vegvesen.

Dei som ønskjer å få varsel på SMS må sjølv melde seg på tenesta, som skal gi betre informasjon direkte til dei som ønskjer det når vegen blir stengd eller er planlagd stengd, og når vegen opnar igjen.