Masteroppgåve om tettstadutvikling

Vil utvikle Hellesylt

Tora Vollset og Anna van der Zwaag er arkitektstudentar ved NTNU og er for ei kort periode busett på Hellesylt der dei møter lokalbefolkninga for inspirasjon.

Miniatyrutgåve: Studentane har laga ei miniatyrutgåve av Hellesylt slik at dei lettare kan ha eit overblikk over tettstaden dei vil utvikle.  Foto: Eivind Louis Helset

Folk bur på Hellesylt i dag, og då må det også vere mogleg med utvikling, seier van der Zwaag.

Nyhende

Dei to studentane er i oppstartsfasen i si masteroppgåve som omhandlar tettstadutvikling av Hellesylt. Dei ønsker å møte folk som bur her for å få eit innblikk i korleis det er å bu der, kva utfordringar befolkninga ser, kva dei ønsker av utvikling og meir til.

Foreløpig har dei hatt besøk av nokre, men håpar enda fleire tek turen innom pop up arkitektkontoret deira i banken sine lokale på Hellesylt. Sist veke var dei på besøk til Sunnylven skule og trefte lærarar som kom med sine synspunkt. Både lærarane og andre er bekymra for elevtal og fråflytting.