Fire søknadar frå Stranda kommune

Rekordmange klimasøknadar

Ringstad skule: Ein av Klimasats-søknadane frå Stranda kommune omhandlar oppfølging av energi- og klimaplan i skulen.  Foto: Arkivfoto.

Klimatiltak: Eit av klimatiltaka Stranda kommune ønskjer støtte til er å auke medvit og engasjement i klimaarbeidet. Her er dei unge ei viktig målgruppe.  Foto: Arkivfoto.

Nyhende

Miljødirektoratet har teke imot rekordmange søknadar frå kommunar over heile landet som vil kutte utslepp av klimagassar.

Klimasats er ei støtteordning for klimatiltak i kommunane og vart oppretta i 2016. Støtta skal bidra til reduserte klimagassutslepp og omstilling til lavutsleppssamfunnet. Støtta skal vere utløysande for at tiltaka gjennomførast og kommunane må ha ein eigeninnsats. Kommunar, fylkeskommunar og enkelte kommunale føretak kan søke om tilskot, saman eller kvar for seg.

Større søknadsbunke

I ei pressemelding frå Miljødirektoratet kan ein lese at talet på søknadar har auka med 64 prosent samanlikna med i fjor. Til saman har kommunane i landet søkt om støtte til i alt 574 ulike prosjekt, med ein kostnad på over ein halv milliard kroner.

– Den enorme auken i søknader og beløp er både gledeleg og viktig. Kommunane må sjølve finansiere ein vesentleg del av prosjekta dei får støtte til, så dette betyr at mange kommunar trapper opp innsatsen for å redusere klimagassutslepp, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Nøgd minister

Også klima- og miljøministeren er glad for den store interessa for lokale klimatiltak i kommunane.

– Dette er fjerde året vi deler ut pengar gjennom Klimasats til norske kommunar. Slik støttar vi kommunane til klimakutt dei vel sjølve. Klimasats bidreg til å kutte utslepp, økt fokus på tiltak, økt etterspørsel etter klimavenlege varer og tenester og økt kunnskap, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen i pressemeldinga.

Søknadar frå Indre Sunnmøre

Stranda kommune:


Oppfølging av energi- og klimaplan i skulen – forprosjekt


Berekraftige transportløysingar i verdsarvkommunen – areal- og transportplanlegging


Bruk av massivtre i offentlege bygg, kompetanseheving – forprosjekt


Kompetansehevande tiltak for miljøvenlege innkjøp – andre sektorar


Stordal kommune:

Kjeldesortering i barnehage – andre sektorar


Elbilar + ladepunkt teknisk etat – transport