Avtale om Ljøbrekka i førti år

Ljøbrekka: Stranda kommune har inngått avtale med Ljøbrekkas Vener om vedlikehald av turvegen. arkivfoto  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Stranda kommune har inngått avtale med Ljøbrekkas vener om vedlikehald av turvegen.

Stranda kommune er grunneigar av Den Trondhjemske Postvei frå Ljøen på Sunnylvssida til Herdalen i Strandadalen.

For å sikre at arbeidet med oppgraderinga av turvegen ikkje stogger opp, ønsker kommunen å sikre seg gjennom ein eigen avtale med Ljøbrekkas vener.

Avtalen gir foreininga allmenn bruksrett på vegen, og skriv i eit eiga punkt at framtidig vedlikehald av vegen skal skje i regi av Ljøbrekkas vener på vegner av ålmenta. Avtalen skal tryggje vegen for ettertida som turføremål og sikre vegen sin verdi. Avtalen gjeld for førti år framover, med moglegheit for forlenging. Avtalen er signert rådmann, ordførar og Petter Hjørungdal i Ljøbrekkas vener.