Opna eigen naprapatklinikk på Stranda

Finn årsaka til smerter

Strandaren Liv Hilde Vågsæter tok utdanning i Stockholm men fjella lokka ho til å opne eigen naprapatklinikk på heimstaden.

Naprapatklinikk: Liv Hilde Vågsæter opna fredag 1. mars naprapatklinikk i Sjøgata 15 på Stranda.   Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Etter 4 år på skulebenken ved Naprapathøgskulen i Stockholm og 3 år som tilsett ved Nordvest naprapatklinikk opna Vågsæter opp dørene til sin klinikk i Sjøgata 15 fredag 1. mars. Foreløpig delar ho kvardagen mellom sine eigne kundar og Intersport sine kundar der ho jobbar deltid. Ho har opent alle formiddagar i tillegg til heile tysdag og torsdag. Tysdagar er ho i tillegg på Hellesylt. Vågsæter møter mange ulike menneske i sin arbeidskvardag, frå 15 til over 90 år. Felles nemnar for dei aller fleste er rygg- og nakkesmerter, men også leddsmerter og hovudverk.

– Som naprapat forsøker eg å kartlegge kva som er årsaka til smertene for deretter å hjelpe kunden til å førebyggje desse, forklarar Vågsæter. Som naprapat nyttar eg hendene til å trykke på punkt eller massere, eg hjelper med tøying av musklar og kan komme med ergonomisk rådgjeving og eg syner kunden styrkeøvingar som kan hjelpe.

Finn dei rette løysingane

Ordet naprapati betyr å korrigere årsaka til lidingar. Difor er det naudsynt med kommunikasjon mellom kunde og naprapat for å finne dei rette løysingane for nettopp ho eller han. Mange av dei Vågsæter snakkar med omtaler ein naprapat som ei blanding mellom ein fysioterapeut og ein kiropraktor, og det var rett nok ein kiropraktor som utvikla naprapatien.

– Kundar treng ikkje vere redde for å ta kontakt med spørsmål knytt til sine egne smerter eller plager og kva behandling eg kan gi, seier Vågsæter.

Utdanning i Sverige

Sjølv om ein naprapat ikkje godkjent som helsepersonell i Noreg, gjekk det ikkje lang tid før Vågsæter gjekk frå eit ønske om å bli fysioterapeut til å bli naprapat kort tid etter ho vart introdusert for behandlingsforma. I Sverige og Finland er naprapati offentleg godkjent og Liv Hilde valde difor storbyen Stockholm som sin utdanningsstad. Her gjekk ho på skule i 4 år, men somrane var ho heime på Sunnmøre, og hadde ulike sommarjobbar. Sommaren før 4. skuleåret var ho hos Nordvest naprapatklinikk i Ålesund. Mot slutten av sommaren kom tankane og lengselen etter fjell og gjorde at ho etter ferdig utdanning valde å flytte heim til Stranda og Sunnmøre. Her starta ho å arbeide for Nordvest naprapatklinikk og arbeidde då i Stryn, på Hellesylt og på Stranda. Når då dei valde å legge ned på Stranda opna det seg nye moglegheiter for Vågsæter.

– Eg har vel tenkt tanken før, men no vart situasjonen slik at det å starte eigen klinikk stemde veldig bra, forklarer Vågsæter.

Eigne lokale

På plass i lokala har ho både venterom og eige behandlingsrom. Deler av lokala står framleis tomme, men ho har planar for det også.

– Rundt behandlingsbenken er det ikkje so mykje golvplass, difor er det godt å ha deler av lokala opne slik at eg kan syne kundane treningsøvingar, seier Vågsæter og legg til at ho på sikt kanskje kjem til å kjøpe inn nokre enkle treningsapparat.

Naprapatklinikken nyttar namnet Rehabspesialisten som har klinikkar også andre stadar i landet. Dei er frittståande men nyttar same logo og same journalsystem og er som eit kollegial.

– Vi dreg nytte av kvarandre og hjelpar kvarandre om det er noko vi undrar på, seier Vågsæter.

Ho trivest godt heime på Stranda blant fjella som lokka ho heim. Fjella nyttar ho i stor utstrekning både sommar- og vinterstid.