Retura-cup 2019

Sterkt av Martine

Til topps: Martine Sve tok sigeren i juniorklassa i Retura-cup.   Foto: Privat

Nyhende

Førre veke vart finalen i Retura-cup avvikla. Finalen gjekk på miniatyrskytebana til Hornindal og Markane skyttarlag i Hornindal. Skytinga føregjekk over to kveldar, der klasseskyttarane skaut tysdag og rekrutt og veteran skaut torsdag.

Martine Sve frå Stranda vart beste skyttar i juniorklassa og tok med seg sigeren med 348 poeng. På plassen bak kom Ask Aarsæther frå Hovdebygda og Ørsta med 347 poeng. Tredjeplassen gjekk til Bendik Stokland frå Stadlandet med poengsummen 346.

Strandaren Ola Vangen stilte i senior klasse 5 og enda på 6.-plass med 341 poeng. I rekruttklassa tok Ørjan Frøysadal Hauge frå Sunnylven 2.-plassen med 338 poeng. Isak Frøysadal Hauge, også frå Sunnylven, tok 2.-plassen for eldre rekrutt med 349 poeng.