Spela opp til dans

Dansbart og publikumsvenleg

PK & DanseFolket er kortreist lokal dansemusikk.

PK & DanseFolket spela til publikum og publikum responderte med å danse.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Laurdag kveld var Storfjord kulturhus fylt av tonane frå PK & DanseFolket. Publikum var raskt utpå for å danse og allereie frå tredje strofe av fyrste song var dansefoten i gang for dei tidleg frammøtte.

På scena stod PK Støbakk i front på vokal, Geir Ove Åsheim på trommer/vokal, Sture Bergman på gitar/vokal og Øystein Opsvik på tangentar/vokal. Sjølv på lyd var PK på heimebane, den styrte dei også sjølve.

Fekk rocka dansefoten

Musikken som kom frå scena var både dansbar og publikumsvenleg, slik bandet på førehand hadde lova. Det kom tonar frå fleire av PK & DanseFolket sine utgivelsar, slik som Rein Magi og låtar frå Full Truck-serien. Bandet kan meir enn sine eigne låtar og presenterte sine eigne versjonar av songar skrivne av andre slik som for eksempel «Lille Vakre Anna». Tonane frå bandet smaug seg ut frå scena til langt ut i dei seine nattetimane.

PK Støbakk hadde heile tida god kontroll frå scena og med sin lokale tilknyting vart det ein god dialog mellom band og publikum.