Ny sesong med fjordcruise

Fjordcruise: MS Geirangerfjord II er klar for ein ny sesong med fjordcruise mellom Ålesund og Geiranger.  Foto: Geiranger Fjordservice

Nyhende

I dag startar MS Geirangerfjord II på ein ny cruisesesong mellom Ålesund og Geiranger. Dette melder Geiranger Fjordservice i ei pressemelding.

MS Geirangerfjord II vart levert frå Maritime Partner AS i Ålesund i juni i fjor. Båten tek 147 passasjerar og har eit mannskap på tre. Båten har store vindauge og folk kan bevege seg fritt ute på båten og på soldekket.

Lang sesong

– I april og mai går båten frå Ålesund og Geiranger på onsdagar, fredagar og søndagar. Frå 1. juni til 31. august blir det daglege turar, før det resten av sesongen blir tre avgangar i veka igjen. Som i fjor varar sesongen ut oktober månad, heiter det i pressemeldinga.

Påstiging på Stranda

Ruta går mellom Ålesund og Geiranger, men det vil også vere mogleg med av- og påstiging på Sjøholt og på Stranda. Dei som ønskjer å nytte seg av desse moglegheitene må bestille i forkant, då desse stadane berre har anløp ved bestilling. I Ålesund og i Geiranger kan billettar kjøpast på båten.