Reine gater til våren

Stranda kommune gjer gatene klare til våren.

Mindre reiskap blir nytta for å samle saman sand og grus der dei større kostereiskapa ikkje kjem til.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Når det skal gjerast reint til våren er det ulike måtar å få det reint. I desse dagar forbereder kommunen å fjerne sand og rusk som ligg igjen etter vinteren som no kanskje har takka for seg. Det vert nytta både kostar og lauvblåsar for å fjerne rusket der dei større maskinene ikkje rekk til.

– Vi må samle opp mest mogleg før vi spylar slik at ikkje alle kummane vert tetta med sand og grus, seier Cato Andersen, einingsleiar Næring og teknisk i Stranda kommune.

Støvutfordringar

– Uansett kva type utstyr vi brukar vil det medføre ein del støv som virvlar opp når det er so tørt som no, seier Andersen. Vi forsøker so godt vi kan å ta omsyn til folk.

Reine gater

Reine gater og vegar vil det i større grad bli når dei større maskinene kjem. Etter planen kjem kostebil onsdag og startar i Stranda sentrum. Etterpå står Hellesylt sentrum på planen, Geiranger er allereie kosta. Til slutt vil vegane i byggefelta i alle bygdelaga bli kosta.

– Målet er å vere ferdig innan 17 mai, forklarar Andersen.